We made you

Stod opp halv 5 i dag tidlig, og sovna i ein liten halv time i 11 tida. Kjenne eg er litt små sleten ja!
Filip var oppom ein tur før jobb, så eg har faktisk vore pitte litt sosial i dag. Ikkje at eg føle det er nok til å skryte av! Men eg gjer no det fordiom. :-)

Augo mine er super hovne, kroppen er eit mareritt og alt er egentlig snudd på hovudet. Vil ikkje akkurat sei at eg synst ditta er så fine dagar, men eg klare vel å finne ein måte og komme igjennom dei på. Ellers så er alt supert, på ein ikkje super måte. Skjønna godt at du ønska at du har mitt liv, det er rett og slett hærleg!

Fml

Nokon gang opplevd at du trur ikkje det går an at ting kan bli kjipare, også kjem realiteten å slår deg i trynet?! Det er så awesome. Vanligvis hadde eg gått meg en lang tur for å fikse opp i tankane mine, men sia kroppen min skal vere så fuckings mongo kan ikkje eg gjer det engang. Men eg er så super heldig at eg kan få ligge i ro i senga mi, og så vidt bevege meg.
Kven elskar livet sitt meir enn meg? :-)

Soooool!

Våkne opp til sånt vêr som i dag er rett og slett hæææææeleg! I dag skal det slaurast og målast for fullt! Veit ikkje kven som nyte det mest av meg og voffsane, alt eg veit er at akkurat no har eg det fint :-)

Natta er aldri min vèn

Bah, våkna seff for rundt 30 min sia og får ikkje til å sovne igjen..
Super kvalm, og alt er på topp! Woop Woop. Sitte å supa i meg vatn i håp om at det skal hjelpe, men hitill har det ikkje vert verdens største suksess.

Over til noko koslegare; hadde ein kosleg dag meg min kjære i går. Vi var ute å åt litt mat, så reiste vi på the avengers i 3D. Awesome film som eg anbefala til alle nerdar der ute :-)

Skitt fiske

I går kveld kom Filip opp å sov hjå meg etter masse om og men. Var våkne til rundt 6 ish, og eg var så kul og våkna igjen halv 9. Sia eg er verdens beste kjæreste vekte eg f'lip litt over 9, for det var så kjedelig å vêr våken aleine.
Så har ikkje blitt noko spes søvn på nokon av oss. No er han så heldig at han ligg å søv så søtt på sia av meg, og eg er som vanleg våken.

Anyways.. Eg, F-boy og pappa stakk ut i Erdalen på etter middagen og fiska. Uansett om det var litt små regn og små surt vær, så var det kjempe kos. Eg som er eit naturtalent klarte å sette meg fast eit par 10 ganga, men fekk som oftasten sluken laus att. Yup, kun som oftast.. RIP sluken min..

Hiv o'hoy

I går kveld kom søsteren heim frå syden, og herregud kor masse ho hadde fortelle! For å sei det sånn så tar det nok nokon veke før ho kjem seg ned på jorda igjen.
Og seinare når ho sku legge seg, så låg Filip på eine sofaen og ho på den andre. Dei skulle ha pysjamasparty!

Og no er Filip reist på jobb, Lissja kjem vel snart heim frå skulen, pappa laga mat og Ari&mamma sitte å studera til ari's eksamen. Og eg, eg sitte å ser på tv. Flott liv!

Laurdag!

I dag har eg gjort noko eg har lengta etter å gjer i fleire mnd! Nemleg å klipt den søte lissje prinsessa mi. Skal ærleg innrømme at ho ser ikkje så ekstremt bra ut, men va godt å få vekk eit par kilo med flokete pels. No gjenstår kun å dusje ho, så kan eg ta helg.

Pappa ligge å snorka som berre f'en på sofaen, så sitte å lure på om eg skal ta med hundane på tur til tante og onkel. Men dei ser like daue ut som pappa gjer, så veit ikkje heilt om det kjem til å skje.. Har prøvd å hjelpe pappa med å lage velkommen skilt i dag, så er litt småspent på korleis det ser ut. Eg berre skreiv og klipte ut velkomen på eit ark, så spraylakkerte vi det på ein stein. Fancy pancy!

Nei no må eg finne på noko før eg óg forsvinne til draumeland! Spiiiiks

Brun og blid

Ikkje sant? ;-)

Føle meg som ein kamel!

Eg drikke og drikke og drikke. Likevel så er eg super tørst! Wtf lizzm?! Orka ikkje å stå opp att for å hente meir vatn, så då får eg heller berre vere tørst. Luksusproblem? Yup.

Anyways.. Hatt ein ganske så fancy dag ilag med Andreas, og ein flott kveld ilag med beste guten min. Var i sentrum med Andreas til han reiste heim, så vart til at eg brukte litt peng etter gammalt. Men va super digg å henge med han igjen! Begynne å nærme seg ein mnd sia sist trur eg, så var på tide. Når han stakk så var det tid for å vere ilag med kjæresten min. Hang på hotellet litt og venta på at han sku bli ferdig, så stakk vi heim og lagde mat og såg filmen Inkheart. Super kos film!

No ligge eg i senga og venta på at han óg skal komme å legge seg. Er ikkje like lett å sovne når han ikkje er på sia av meg, merka eg.

Natta :-)

Fine du!

I går reiste eg og mannen min tilbake til Førde. Veit ikkje kor lenge eg bli her før er reise opp att til Skei.. Men Filip har berre seinvakte, så vil heller vere i Førde sånn vi kan vere ilag. Flotte han tok meg med på kino i går, og det va kos. American pie filmen. Synst den var ganske så bra!

I dag har vi jubileum, men sia han reise på jobb om ikkje så lenge og ikkje kjem heim før sikkert 11 tima så tvila eg på at det blir noko "feiring". Men han er no søt som stod opp for å reise å handle frukost til meg. Er ikkje så mange som hadde gadda det.
Seinare i dag kjem kanskje Andreas ned på besøk, så det blir digg! Savna å henge med han. Har store planar for dagen som vanleg! ;-)

Les mer i arkivet » Mai 2012 » April 2012 » Mars 2012
hits